Arbeidsoppgåver: 

Service, vedlikehald og reparasjonar i første rekkje på merka våre: Opel, Suzuki, Isuzu, Fiat.

Me søkjer:

Bilmekanikar/bilteknikar med fagbrev og (fortrinnsvis) lang røynsle for snarleg tiltredning
Røynsle med merka våre og god elektrokunnskap er ein fordel
Ein som kan jobba sjølvstendig som mekanikar/teknikar
Ein som er god på feilsøking og det elektriske arbeid
Ein med stor interesse for teknikk, bilar og din eigen jobb
Ein som er serviceinnstilt, sjølvstendig og oppteken av å gjera ein god jobb
Ein med gode datakunnskapar innan faget
Må beherska norsk skriftleg og munnleg.
Førarkort kl. B.
Førarkort kl. C1 og minibuss er ein fordel men ikkje eitt krav.


Eigenskapane dine

  • Du jobbar godt saman med andre og skapar god stemning rundt deg
  • Du har evne til å jobba sjølvstendig, systematisk og er løysningsorientert
  • Du ser kva som skal verta gjort og tek i eit tak når det trengst
  • Du veit at nøgde kundar er det vi lever av

Me tilbyr

  • Høve til å utvikla deg og få brei kompetanse gjennom ulike røynsler og kurs
  • Arbeide i ein interessant og stor marknad med stadig nye modellar
  • Godt arbeidsmiljø der me ser fram til å komma på jobb og møta kollegaer
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode lønnsbetingelsar

Er du den nye kollegaen vår?

Ta kontakt dersom du har spørsmål eller ynskjer meir utfyllande informasjon om stillinga.
Søknad vert sendt pr e-post til ks@heianebil.no med kopi til kgr@heianebil.no. Har du dei rette kvalifikasjonane og eigenskapane kontaktar me deg snarleg for eit intervju.
Kontakt dagleg leiar Kjetil Skulstad på tlf 917 64 311 eller servicemarkedleder Kjetil Grimen på tlf 975 21 655 om du har spørsmål.
Heiane Bil AS har vore forhandlar av nye og brukte bilar og har hatt autorisert verkstad sidan 1984 . Lokala våre ligg sentralt på det stadig veksande Heiane Industriområde. Me fører merkene Opel, Suzuki og Isuzu, og har i tillegg til nemnde marker òg autorisert verkstad for Fiat. Me er i vekst og stadig fulle ordrebøker gjer at me no ynskjer å utvida staben med ytterlegare ein mekanikar.

Personvern